 |
Han Innantes
andre Det Var Det:
”I to-takt med tiden”.
Utgjeven 2005
Opptak av Han innante's andre revy,
opptaket er gjort i Stavanger Kulturhus.
Dåverande kulturminister
Valgjerd Svarstad Haugland
opnar revyen.
|
Forutan revyen med musikkvideoen ”Alt blir enklare med Datta”, inneheld
DVD-en ein ny musikk-video
av songen Fjordafart. Songen låg to veker på norsktoppen. Den handlar om dei
gamle rutebåtane
Fjordbris, Fjordrott og Fjordsol. På denne musikkvideoen har dei fått tilgang på
gamle filmopptak
om båtlivet på Ryfylkefjordane i farne tider.
John Skien med sin figur Hallvard K.Gleppupp er med på DVD-en.
Denne figuren har vore ein av dei største inspirasjonskjeldene til Torolf Nordbø,
mannen bak Han Innante når det gjeld humor. Han Innante og Halvard K.Gleppupp
mimrar
om turane på fjorden med dei gamle ryfylkebåtane.
Med seg på DVD-en har Han Innante sjølvsagt med seg kamerattane og Rita Fotland.
Song og humor-artistane Mugge og Bugge er med på DVD-en både med sketsjar og
songar.
Dei har sjølv gjeve ut ein eigen humor-CD tidlegare.
Revyen”I to-takt med tiden” har til no selt 16 000 billettar. Den er spelt
frå Stord til Moi,
og er no klar for ein sør-Norges turne neste år. Dei byrjar i Kristiansand i
slutten av januar.
Sidan er det Bergen og til sist Austlandet. Sommaren som var
spela dei sommar-revy i Drøbak og Skudeneshavn.
Han Innante fekk dette året Rogaland Mållags målpris for arbeidet sitt med
folkeleg humor.
Pressa skriv om revyen:
"Nært og varmt." "---bandet svinger noe
vannvittig." "
---ekstremt bevisst bruk av språket."
Kjetil Vold i Stvg.Aftenblad:
"De som likte den forrige revyen liker garantert denne."
"Vitser og betraktninger som er sjeldent godt formulert og timet."
Øystein Ellingsen i NRK:
Cd & Dvd produkter fra Han Innante kan kjøpes på platebutikker,
bensinstasjoner div nettsteder eller ved henvendelse direkte til oss på mail:
innante@innante.no